mandag 7. oktober 2013

Lærarskulen i Vetsfold, Bakketeigen 23. september

Forelska i læraren, sa påtroppande statsminister Erna Solberg på siste landsmøtet i Høgre. Det finst snautt det emnet som ikkje jamt endar i utsegna: Dette lyt skulen gjera noko med. Det vil seia læraren.

Måndag 23. september laga Bakketeigen Mållag ein nynorsk fagdag på lærarutdanninga til Høgskolen i Vestfold og Buskerud. Stafetten takka og bukka og vart med. Rundt 80-90 studentar fekk ei innføring i Nynorsk på 1,2,3! Vonleg sit eit og anna att i hovuda til studentane etterpå. Etter dugurd og plakatbukk  med heimesnikra tevling for studentane, var det tid for ein storveges økt med NMU som la fram tiltak for ei betre nynorskopplæring på sovel lærarutdanninga som i grunnskulen. Dinest la Allikavæl MU, NMU-lag i Vestfold, fram ei ofsa bra innleiing om kvifor nynorsk i Vestfold. Gudrun K. Juuhl, leiar i NMU h.v. greidde dinest ut om korleis gjera nynorskopplæringa for bokmålselevar betre, med ein brote gode døme frå mangstad i landet. Norunn Askeland fortalde om ei dårleg utvikling i mengda av nynorsk i lesebøker i skulen før Ragnhild Lund heldt ei forvitneleg innleiing om korleis bruka metodar frå framandspråkoppløringa i sidemålsundervisninga.

Erna Solberg har sjølvsagt rett i at læraren er nykelen for ei vellukka skule. Vonleg vil ho og den nye regjeringa syta for at alle utdanna lærarar meistrar nynorsk godt nok til å gje elevane den nynorskopplæringa dei har krav på. Bakketeigen Mållag ytte eit framifrå tilskot til nett det!