onsdag 9. oktober 2013

Kjære ven(n)e(sla)

I dag byrja moroa med å møta kommuneleiinga i Vennesla. Dei var særleg kryr av dialekten sin, som skil seg ganske markant frå kristiansandsmålet, jamvel om det berre er ein rask køyretur unna.

Ordføraren fekk både stafettpinne og nynorskbok.

Så bar det til ungdomsskulen og den vidaregåande skulen på Vennesla. 

Signhild skulle sjølvsagt vera sjukt hitech, så ho stilte naturlegvis med såkalla påverpåjnt.

Etterpå fekk me komle med smør, sukker og tytebærsyltetøy.

Og deretter tok me ei økt på stænd, på eit elles ganske folketomt vrimleareal downtown Vennesla.

Sjølv ikkje elleville sirkuskunster frå dagens stafettbloggar lèt til å lokka folkemassane ut på torget.

Så no er me ferdige for dagen. Eg ventar på å verta plukka opp av kveldens vertskap, og læxar i millomtidi på den ikkje så veldig bigrimme biblå i Vennesla.