lørdag 12. oktober 2013

Iveland del 2

No har me vore på kulturkveld på Frigstad. Song, lodd og kaker laga ei fin ramme rundt hovudattraksjonen: Tor Obrestads føredrag om Hulda Garborg.

Signhild «Hitech» Samuelsen laga loddtrekkjesystem av det særs raffinerte slaget.

Kuuultuuurkveeeld!

Maarud Kimsa av premiebordet? Definitivt ikkje!

Sjåvvet byrja med song og spel frå Åseral.

... og heldt fram med Tor «Tobben» Obrestad.

Eg sat på bakarste benk og fargela ein mållagsballong med rosa tusj. (Men eg høyrde etter, altså!)

«På møtar og seminarar – då skal det serverast Mozell!»

Signhild kjøpte lodd, og vann ein nydeleg glashatt frå Setesdal.

Og båe fekk me folkemusikk på plate som takk for innsatsen gjennom dagen.

PS: Signhild insisterer på at me skal leggja ut noko underteikna visstnok skal ha sagt i ein gjer-lingvistikk-folkeleg-augeblink under føredraget på ungdomsskulen tidlegare i dag. Det går, om me skal tru notata hennar, som fylgjer: «Me sluker g-en. Nam nam, rett i magen. ....å, det var ein dårleg lærarvits». Tusen takk, internett, de har vore eit strålande publikum.