torsdag 10. oktober 2013

Iveland del 1

I dag har me vore på Iveland skule, og hatt ikkje mindre enn tre timar med både niande og tiande trinn

Fyrst var det ein time med båe trinna. Deretter splitta me dei opp, og heldt fram i ein dobbelttime med kvar av dei.


Då me var ferdige på skulen, labba me ned til kommunehuset, der Marit og Aslak hadde gjort klart til nynorsklunsj med ordføraren.

Lunsjmenyen.

Signhild fortalde om nynorskstafetten.

...  og eg fekk overrekkja stafettpinne og andre gilde ordførargåver til Gro Anita Mykjåland. Eg fekk ein ekte senterpartiordførarklem også, men det har me diverre ikkje bilete av.

Ordføraren hadde også gåver til oss - kvar vår flaske av det eksklusive flaskespringvatnet frå Vatnestraum Og Store Sandrip i Iveland kommune. No skal jaggu tannpussen verta ein fest.

Og no: Ein tekopp heime hjå Marit og Aslak medan me ventar på at kveldens attraksjon, Tor Obrestad, skal dukka opp. Etter kulturkvelden i kveld skal de få fleire oppdateringar.