mandag 7. oktober 2013

Bærum, 24. september

Bærum, kan henda den staden der motviljen til nynorsk er sterkast i Noreg. Heiter det seg. Som med mykje anna som gjeld språk og målsyn i Noreg, er dette einast ein myte, og det er slett ikkje sant! 

Me heldt føredrag på Bekkestua skole og Rosenvilde vgs. Elevane der var på ingen måte nemnande anti-nynorske. Ein skal vel truleg ikkje skriva slikt, men ein god del elevar kom radt etterpå og takka for godt føredrag og sara sydame; vanka der ikkje stor applaus med?

På Rosenvilde vgs var jamvel varaordførar i Bærum og helsa Nynorskstafetten. Og han var slett ikkje borte vekk, varaordføraren. Kolt!  Inger Vederhus frå Bærum Mållag fortalde om språk i Bærum og propgandaansvarleg i Noregs Mållag fortalde på vanleg morosamt vis om kvifor Språkår og Nynorskstafett. Finast var no, tykkjer me, at Ruth Lillegravel las eigne dikt. Varmt og vent.

Bærum Mållag avrunda dagen med Edvard Hoem på biblioteket på Bekkestua. Over 90 folk møtte og det vart ei fin avslutning på ein fin nynorskdag i det slett ikkje nynorskfiendslege bærum.