lørdag 7. september 2013

Askøy 2. september

Måndag morgon møtte me opp på Fauskanger barne- og ungdomsskule, som opna berre tre dagar før. Der fekk me spreia den gode bodskapen til alle elevane på 7.-10. trinn. På denne skulen er bokmålspresset stort, så me la vekt på å snakka om kvifor deibør halde på nynorsken. No er ikkje bokmålstrykket like stort lenger. Haha, liksom.



Då skulevitjinga var over gjekk turen til Kleppestøsenteret for å stå på stand. Lokallaget stilte mannsterkt opp og me delte ut både kaffi, bokstavkjeks og anna nynorsksnacks. På kvelden drog me attende til Bergen for å få med oss Studentmållaget stille ungdomspolitikarane til veggs i spørsmål om språkpolitikk.