fredag 20. september 2013

Sandefjord

Strålande start på dagen på Skiringssal folkehøyskole. To medlemer i salen, forsvar for nynorsk på både trøndersk og nordnorsk, god diskusjon med mange engasjerte og oppdrag om å helsa til styremedlem Janne frå ei av elevane.

På Sandefjord vgs er dei glad i mopedar og mindre glad i nynorsk. Temmeleg ukonsentrert og bråkete vg1-klasse utpå dagen. Stand i kantina i matpausen, samstundes med at "hei-veka" dei har på starten av året stod for musikk som gjorde praten umogleg. Såleis vart diskusjonen med Unge Høgre-representanten kort.




I ettermiddag hadde vi stand utanfor Meny. Godt med folk, men jammen var det flest bokmålsbrukarar. Innbitte kvalfangst- og skipsreiarbokmålsbrukarar. 





Den dama

Tenk at det endeleg skulle vera meg. (Fritt tolka etter henting av protokoll i resepsjonen på rådhuset i dag.)


torsdag 19. september 2013

Gran tidleg om morgonen

08.00 på ordførarkontoret. Språk er viktig og kjem fyrst i arbeidsdagen, sjølvsagt. I Gran kommune er det bokmål så langt auga ser, og likevel har dei barnehagar som medvite bruker nynorsk når dei les for ungane, og på Brandbu ungdomsskule har elevane nynorsk i eit anna fag enn norsk. Kva skulle me då "kjefta" på ordføraren for? Han fekk Viljen til språk og stafettpinnen, og både han og rådmannen lova å tenkja endå meir på språk framover. Me gler oss.




No har me rigga oss til med stand i kantina på Hadeland vgs. Innimellom er me inne i timar, og får då snakka med dei fleste elevane på vg2.




Turisme med bonusspor

Onsdag ettermiddag hadde me ein halvtime til overs, og tenkte at det må då vera ein turistattraksjon på Hadeland som me kan få oppleva. På nettet skreiv dei i flotte ordelag om Søsterkirkene på Gran, og det var ein høveleg svipptur for oss. To fine steinkyrkjer frå rundt år 1100, bygde vegg i vegg, og kyrkjespira finn ein også att i kommunevåpenet til Gran.

Lite visste me at me skulle møta på kjentfolk ved inngangen, så her var me både lukkelege og litt skamfulle over manglande historiekunnskap ...






onsdag 18. september 2013

Etnedal 2

Etter å ha møtt ungdomsskuleklassane på morgonen, vart det møte med rådmann og oppvekstsjef. Lokallagsleiar Marit Slettum sende stafettpinnen vidare til den språknøytrale, bokmålsprega kommunen med berre nynorskelevar i grunnskulen.




Til sist eit møte med Eventyrskogen barnehage. Der møtte vi ein svært positiv styrar som såg alle dei pedagogiske poenga med å bruka nynorsk i lag med ungane. Vi likte oss så godt at vi spontant gav bort ei Jakob og Neikob-bok med ynske om lukke til.








Etnedal

Utsikt frå soverommet. Den beste lyden som finst for god nattesvevn!


tirsdag 17. september 2013

Sør-Aurdal 17. september

Mykje på blokka i dag også. Ungdomsskuletur for Eskil, barnehage for Gro, dinest møte med kultur- og oppvekstsjef Gunvor Elene Thorsrud som her får stafettpinnen frå Mållaget.


Seinare var det møte med 4., 5. og 7. klasse på Bagn barneskule. Der fortalde vi om Aasen, nokre av skulejentene song songar frå før i tida, og til slutt var det allsong med Staut-songar, der tekstforfattaren sjølv, Ørnulf såg til at det heile gjekk rett føre seg.


I ettermiddagspausen kjende me oss litt småsvøltin, og kan tilrå matstova i Valdrestunet på det varmaste både språkleg og i matvegen.


Me gjev oss ikkje her. No snart kveldsseto med godtfolk i bygda, korsong, allsong og eit innlegg frå oss på stafettbilen.




hemsedal 16. september

Mykje godt program i dag. Eskil har vore på ungdomsskulen og snakka for/med alle klassane der. Gro og Marit møtte fyrst ordføraren, dinest oppvekstsjefen.

Ordførar Oddvar Grøthe overtek her stafettpinnen frå leiar Marit Tennø. På innsida av kontordøra hans hang eit hyggeleg minne frå 80-talet.



I kveld var det ope møte på biblioteket med forfattargjesting frå Martine Grande og innlegg om born og språk frå Marit. 

mandag 16. september 2013

Øystre og Vestre Slidre

Vandring over Åsen i dag frå Vollbu til Lomen, same ruta som han Ivar sjølv gjekk i 1850-åra. Ein tøff gjeng som ignorerte regnet vart løna med omvising i Lomen stavkyrkje. Johanna Fuglesteg song og fortalde om historia.


søndag 15. september 2013

Fagernes 2

Stafetten fekk med seg ei svært eksklusiv opning av utstillinga "Nynorsk i Valdres" på folkemuseet. Artig vri med masse kjekt materiale frå før og no. Stafettsjåføren kjende att t-skjorta ho kjøpte på sumarleir på Fagernes i 1992, og der var fleire andre godbitar!


Fagernes

Superlaurdag. Super tilskiping!
Storaksjon på Skiferplassen på dagen, strålande føredrag frå Karin Sveen om ettermiddagen og konsert med Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland om kvelden. Glade målfolk som går til sengs i kveld. Kaka frå handelsstanden tek vi mot med eit raust smil i Språkåret.

fredag 13. september 2013

Vang

10. klasse ved Vang barne-og ungdomsskule med flott framsyning på kulturkvelden. Innlandet teater stod for instruksjonen. "De'e vel kji valkamp alt no" høyrde vi halvhøgt frå scena då raude roser frå mållaget sette punktum for innslaget.



Gol




Halvor Lilleslett, ordførar i Gol kommune, svikta heller ikkje. Han stilte med god kaffi, og lappar med brunost. Åpen for idear, som det høver ein gamal elev ved Voss Folkehøgskule. 
Ingar rasa i gjennom tre nye klassar på ungdomsskulen, og etter ordførarvitjinga gjekk Marit gjennom eld og vatn på den vidaregåande skulen. To klassar fekk oppleve mållagsleiaren i godt driv. Kjartan fekk møte endå ein firemenning, den sjette så langt. 





torsdag 12. september 2013

Ål

Med ordførar Ivar Brevik som kjentmann, synte Ål seg frå si aller beste side. Denne bastionen, dette fyrtårnet, denne bautaen av ein nynorskkommune i Hallingdalen. Alle elevane tek til med nynorsk i skulen, og sjølv om nokre fell i frå undervegs, blir det arbeidd godt for å halde så mange som råd på den smale veg. 
Under syner ordføraren eit døme på at også næringslivet har språkleg medvit.

Dagen byrja på ungdomskulen, der Ingar gjorde sitt for at tiandeklassingane skal halde på målet også når dei tek til på vgs. Ved lunsjtider dukka Marit opp, og vart med til ordføraren. Han tok i mot med åpne armar, var open for innspel, og vart på sparket med på ein tur til ein barnehage i Torpo. 






Sidan vart det vitjing på biblioteket, men også tid til å sjå seg rundt. Marit fann ei ikkje urelevant t-skjorte, som syner at Studentmållaget i Nidaros har utvida kundekretsen sin. Om kvelden var det middag i den gamle banken, der mållaget hadde invitert både ordførar, redaktør, oppvekstsjef og andre prominente gjester til gode samtalar om språkrøkt. Særs velukka! 


tirsdag 10. september 2013

Drammen

Sivle-statua i Drammen får ein til å filosofere. "Merket det stend, om mannen han stupe." Javel. Men kva om mannen er sjølve merket? 
i mellomtida var Karl Peder på Åssiden og snakka for to grupper med elevar. Gjekk godt, i fylgje han sjølv. 
I mellom all filosoferinga, var Stafetten fyrst innom Skogstad Sport på Gulskogen Senter. Blomar og gassballong var gitt, helsing og fotografi fått. Meininga var at det skulle vere ein stand der, men Sten og Strøm-konsernet tykkjer at 3000 kroner for å leige plass er ein grei pris. Det er det delte meingar om. Så ingen stand denne dagen. 
Soleis nådde me innom fylkesbiblioteket i Buskerud, som tok hjarteleg i mot, sjølv me ikkje hadde ein avtale. Me gav frå oss materiell og oppmoda dei om satse på den nynorske barnebokskatten. 





lørdag 7. september 2013

Superlaurdag i Odda 7. september

Me kom til Odda fredagskveld, og vart møtt med mat og stormande jubel. På laurdagsmorgon var det stor aktivitet i Gågata, og nynorskdelegatane var naturlegvis på plass med bil stand. Odda Mållag var òg til stades. Dei ynskte velkomen med song (Nordmannen, sjølvsagt) og gode ord om Aasen. Etterpå vart målbenken avduka av Knut O. Dale, aka. Knuten, ein benk dedikert til «det oddiske folket» av Odda Mållag. Det var yrande folkeliv i Gågata, og fleire kom innom for å helse påmålungdomane. Mellom desse var ein representant frå lokalavisa, Hardanger Folkeblad, yes! Ruth Lillegraven las frå den nye diktsamlinga si, Urd, til stor glede for dei som høyrde på





Då klokka nærma seg eitt, gjekk me opp til biblioteket, der det var duka for opplesing, fest og moro. Ruth Lillegraven las fråbarnebøkene sine. Dette vart godt motteke av alle borna, som skratta og lo, utanom ein, som byrja å grine. (Årsak ukjend.) Lite visste dei at det var radon i lufta. Etter ein del tekniske problem gjekk tilskipinga over til «vaksendelen». Fyrst fortalde Helene om Norsk Ordbok 2014, eit innlegg som tok føre seg både boka og prosjektet som heilskap, metode og innhald. Dette vart òg godt motteke og fleire ivrige tilhøyrarar stilte mange gode spørsmål. Stafettsjarmørane fortalde så om stafetten, Språkåret 2013 og veka som var. Deretter vart det servert kaffi og kake.



Overvelda av den positive responsen frå oddisane valde me å vere att til sundag. Det er ikkje kvar dag ein er i Odda, og når ein fyrst er der, kan ein like godt gjere som oddingar flest: fylje Frode Grytten sine fotspor. Me vart tipsa om ein praktisk reisegaid til utlån på biblioteket. Helene drog fram lånekortet, og gjekk målretta mot skranken for å freiste lukka. 

Helene: «Kan eg bruke dette lånekortet, eg vil så gjerne låne denne boka?»

Else Mari: «Nei, men du kan få noko betre.»

(Tystnad)

Else Mari: «Du skal få boka, men ikkje akkurat dette eksemplaret. Vent ein augneblink.»

Medan me venta spent nytta me høvet til å snike oss bort til tidsskrifthylla for å leggje frå oss nokre flygeblad.

(Else Mari kjem att frå kjellaren. I handa held ho ein stabel bøker.)

Else Mari: «Sjå her, de skal få ei bok kvar.»

Helene: «Serr?!»

Martin: «Kødde du?»

Synnøve: «Så flott!»

Else Mari: «I Odda er me så late at me ikkje gidd å lage lånekort, me gir heller vekk bøkene.»


....Framhald fyljer

Ullensvang 6. september

Me vakna tidleg i Kinsarvik for å reise på skulevitjing, og dei lokale målfolka varta oss godt opp med frukost. I løpet av stafetten har me fått så mykje mat at me ser ut som me er Ullensvanger. Då me kom oss ned på Kinsarvik skule starta dagen med drøs om både laust og fast med lærarane. Me fortalde om våre erfaringar og dei om sine. Skulen hadde mist tre elevar som vart utsend frålandet dagen før, ein av dei i klassen me skulle vitja, og stemninga var deretter.




Ullensvang herad er delt i to av fjorden og for å koma oss til skule nummer to for dagen, Hauso skule, kasta me oss påferjesambandet Kinsarvik-Utne-Kvanndal. På Hauso snakka me for heile ungdomssteget, omlag 40 elevar, om språkhistorie, dialekt og nynorsk. Dei var engasjerte og reflekterte


Dagen, ikkje avisa, vart avslutta i Kinsarvik, der me stod på stand nokre timar utanfor daglegvaren  igjen. Me møtte mange engasjerte målmenn og -kvinner. Då me pakka saman, såg me at me hadde delt ut heile 200 klistremerke dei siste to dagane. Shit banditt!



Ulvik 5. september

Torsdagen freste me rundt i Ulvik, sjølvsagt med fylgjebil framfor, sånn at me fann vegen. Fyrst kom me til Hjeltnes vidaregåande skule, ein skule med elevar frå  om ikkje heile landet, så frå den viktigaste delen av landet  Hordaland. Det er pågrunn av at dei har spesialisert seg på liner som ikkje er så vanlege, til dømes blomedekoratør og anleggsgartnar. Det var den fyrste og einaste yrkesskulen dette stafettmannskapet har vore innom, så me var litt spente. Elevane var svært engasjerte og deltok ivrig i debatt, og blomedekoratørane hadde laga ein blomebukett til kvar av oss.


Me for vidare til Brakanes skule der dei hadde samla heile ungdomsskulen. Elevane hadde god peiling, mellom anna skulle dei setja opp Ervingen og dei kunne Nordmannen på rams, så det vart sjølvsagt allsong på slutten. Fresinga haldt fram, og me køyrde til den lokale daglegvaren, der me stod på stand i nokre timar. Lite visste me at me skulle gjera det same i morgon. Joda, me visste det, men på denne måten vert blogginnlegget meir underhaldande.




Me freste noko sjukt på ein veg, nei, traktorveg, opp på fjellet for å nyte utsikta og slå ihjel litt tid.


Voss 4. september

Dagen starta med møte med ordføraren, leiaren for vaksenopplæringa, ein rektor og representantar frå Voss mållag. Ordføraren førte ordet. Me i stafetten skraut så mykje me kunne av Voss, Voss er jo ein utruleg god nynorskkommune, men me hadde eitt emne me meinte dei kunne betra seg på, nemleg at dei ikkje har nynorsk i norskopplæringa for vaksne innvandrarar. Me var klår over at dei hadde prøvd det ut tidlegare, men måtte gje seg, og me likte å høyre dei fortelje sjølve om sine røynsler frå det forsøket. Me fortalde dei litt om kor langt læremidler, haldningar og andre kommunar sin praksis har endra seg sidan den gong, og merka ei positiv haldning frå Voss kommune. Ein journalist frå Avisa Hordaland var til stades og dagen etterpå kom det eit fint oppslag i avisa.


Me var på to skular, Voss gymnas og Voss vidaregåande skule. På gymnaset var det eit krevjande opplegg. Me var innom fire skuleklassar til saman, fyrst var me saman om éin gjeng, før me delte resten av elevane mellom oss. På Voss vgs gjekk det òg fint, men det var litt rolegare. Ein lærar etterlyste å få høyra nokre bokmålsvitsar.


Voss var òg staden for denne vekas einaste vitjing i ei verksemd, Toyota Voss. Dei har nemleg vore svært medvitne påspråkbruken sin og nyttar nynorsk i all kommunikasjon. Sjølv om dei er del av ei større verksemd med base i Bergen, tek dei seg tida til å omsetja alt materialet før det kjem i butikken eller i lysing i avisa. Me gav dei ein stafettpinne for å halda fram innsatsen for nynorsk som bruksspråòg i næringslivet.




Før me for på kulturkveld, åt me på vår fyrste nynorske sushi-bar. Kulturkvelden i det nye og flotte kulturhuset var ein stor suksess. Det var fullt i salen og gode innleiarar, mellom dei Eirik Helleve og Finn Tokvam. Der høyrde me historier om Per Sivle-biletet på Flåm skule, skrøner frå herretoalettet og kompliment Finn Tokvam har fått frå flotte damer.