torsdag 29. august 2013

Tysdag 27. august, på Høgdi i Hansastaden

Mirakla hadde ikkje kvorve. Sola skein endå ein dag i Bergen. Soleis tenkte målstudentane i Bergen at kvifor ikkje syna fram stafetten for studentane rett utanfor hovudinngangen på universitetet? Som tenkt, so gjort. Det var mange studentar som gådde bussen og spurde etter so vel tilfang som å verta medlem. Kole saker. Sjølv var me svært nøgd me at me ikkje kjende aktivistane i Studentmållaget - eit prov på tilsig av nye folk og lagsvokster. Kole saker det ogso.