fredag 30. august 2013

Torsdag 29. august i Øygarden

Ytst i havgapet vest av Bergen, etter Sotra, ligg Øygarden. Eit slikt typisk vestlandsherad med blanding av jordbruk og industri, tradisjon og modernitet, holmar og storhav, stril og bergensar. Hadde det vore like enkelt å møta kommunar som Øygard, ja då vore livet enkelt med. Me møtte kommneleiinga, ordførar og seniorrådgjevar og infosjef og rektor på ungdomsskulen og vaksenopplæringa. For ein bra gjeng! Me er tolleg visse på at Øygard Mållag og kommunen kjem til å setja i verk gode tiltak for å styrkja vilkåra for at Øygar kan halda fram med å vera ein sterk nynorskkommune. 

Før møtet med kommunen var me på kystmuseet nord i kommunen. Der hadde alle 4.klassingane i heile kommunen kome for å m.a. høyra eventyret om trollet som kappåt med Oskeladden.     Mållaget stillte med gamallensmannen (og sjølvsagt målmann!) som fortalde og hermde so levande at borna sat stille som mus med vidopne augo. Skulane var på han med ein gong etterpå og bad om at han måtte fortelja meir. Ein framifrå ide tykkjer me!

Dagæen vart avrunda på Adnestovo, heilt nørdst på øya der me fekk ei varm og fin forteljing om fiskarbonden - denne personen som meir enn andre fortener å verta plassert i høgsetet på bordet av avgjerande personar i framvoksteren av det moderne Noreg (ikkje berre av di han var spogets redningsmann, men ogso av di han OG ho, merk HO ogso, hadde og har kvalitetar som er ovviktige å føra vidare til dei nye ættledene slik at me vonleg slepp fleire kjøpesenter og slik at dei unge sluttar å dansa rundt gullkalven og heller tek eit djupdykk i og ausar av det mest botnlause havet av ein ordskatt som det norske målet er). Jau, det kveikjer å møta folk, målfolk og Noreg. Det verkelege Noreg.