torsdag 29. august 2013

Onsdag 28. august på Osterøy

Frå Arna gjekk turen over brua til Osterøy, ei stor perle av ei øy. Osterøy Mållag hadde eit tettpakka program (bra!). Me byrja i heradsstyresalen der barnehagestyrarane, rektorar, ordførar og andre i kommuneleiinga var til stades. Me la fram dei viktigaste synsmåtane våre om barnehage, målbyte og norskopplæringa for våre nye landsmenn. Sjølvsagt er me ugilde i å vurdera møtet, men me fekk ein tokke av at dei tykte vel om ideane våre og viktigare: framlegga våre til tiltak.

Dinest køyrde me 100 meter opp i bakken til ungdomsskulen. Der møtte tillitsvalde i alle klassane (!), skulemeistrar frå båe ungdomsskulane (den andre skulen er Danielsen ungdomsskule) pluss inspektørar og rektorar. I føredraget/samtalen la me mykje vinn på å gje elevene byrgskap og sjølvtillit. me sa som sant er at dei er dei, frå Osterøy og nynorskelevar som har språkleg kompetanse (er tospråklege)' at dei er dei som er fleirkulturelle og moderne - IKKJE dei i og ikring Oslo som på det eine sida hevdar seg vera internasjonale med globalt utsyn og på den andre sida ikkje kan få skrytt nok over at dei ikkje meistrar nynorsk, altso er EINspråklege og monokulturelle. Ostringane må, som nordlendingar, trønderar, totningar, sørlendingar forhalda seg tl seg sjølve OG til Oslo. Det vil seia dei må forhalda seg til noko utanfor seg sjølve. Dei einaste som ikkje gjer dette, er nett dei som er so uhelldige (i denne samanhengen) å vera frå Oslo Vest/Bærum -  desse ser verda berre og utelukkande frå seg sjølve. Det er desse som gjennom byrgskapen over å vera einspråkleg provar at dei er provinsielle, gamaldags og vonlaust umoderne.  Det kan vera me tek i miss, men me trur me såg at ryggane til elevane vart noko meir rette og små smil breidde seg vide ikring. Minsto likte lærarane standpunkta våre!

So tusla me femti meter lenger opp i bakken til den snautt fire år gamle bygningen Osterøy vgs. Om lag  førti elevar hadde benka seg for å høyra på oss og kika oss i korta. På denne samkoma var og lagsfolk i Osterøy mållag med og dei fekk i gang interessante samtalar med ungdomen. For oss verka det som om mange av elevane var tolleg solide nynorskingar, dvs slike som har vilje til å ynskja halda på målet. Storveges.

Turen gjekk etterpå til handlesnenteret på Lonevåg, til all lukka ikkje noko stygt og ekkelt bygg, snarare meir eit utbygt samyrkelag attmed kaia. Nesten koseleg faktisk. 

Etter ei god kjøtsuppa heime hjå ein av lagsfolka (stor takk til dei!) bar det til kulturkveld på museumet. Over 40 folk møtte og fekk med seg fin heimasydd musikk på dialekt, ein god appell av leiaren i Osterøy Mållag før kvelden vart avslutta med ei veldig bra føredrag om Aasen i Nordhordland. Imellom alt dette var dete sjølvsagt allsong, loddsal, kaffi og kakor.  Eg har sagt det før, og seier det gjerne igen: Lokallaga i Noregs Mållag er mest allveg den viktigaste kulturkrafta i lokalsamfunnet sitt. Osterøy Mållag er eit slikt lag. Atter ein bra måldag!