lørdag 10. august 2013

Medan me ventar

I går var ein ganske treig kveld på stænd. Det var relativt lite folk tidleg på kvelden, og svært lite ungdomar. Det kom seg då Vinnie (artisten, ikkje teddybjørnen) entra scena – men då var overvekta av dei tilstyrtande ungdomane allereie ganske godt pussa, og mørket i ferd med å leggja seg over Årdalstangen, så det vart heller skralt med verving denne fredagskvelden. Svoltne vart me også.

Men trudde du livets glade gutar vart motlause av den grunn? Tru om att!


Nyfiken på korleis dette gjekk? Fylg med! I skrivande stund ligg Eskil og søv, medan eg prøver å bryta meg inn på telefonen hans og få oversendt dei nydelege bileta me tok av årets gastronomiske høgdepunkt, som til alt overmål utspelte seg på ein cæmpingplass i Aordal rundt midnatt.