torsdag 29. august 2013

Mål, mil og medlemer i Knarvik

Laurdag 24. august var det tjuvstart på den årvisse Knarvikmila, ei storhendig i folkeidrotten på Nordhorland der tusenvis av unge og gamle av alle kjønn lyfter beina heilt frå Bergen til Knarvik i Lindås. Mållaga i Nordhordland kasta seg rundt og laga si eigen "tjuvstart" med  bokdisk, tilfang og ikkje minst Trio Aase som spelte kol og varm jazzklingande låter ispedd nokre kjende målsongar. Trass i at storsenteret i Knarvik er sjeldsynt stygt, vermde tonane til Trio Aase (trekkspel, gitar og kontrabass) slik at folk drog føtene sine til bokdisken vår. Der stod mållagsfolka og delte ut tilfang, diskuterte og verva. Mest 15 nye medlemer vart det! Kjekt! Opphavet, bokstavleg tala, til Aase musikklag er elles Håkon Aase - ein ikkje uviktig person i den nyare målrørslesoga. Natt til laurdag budde me på tunet hans på Litle Bergen, heller ikkje ein uviktig plass i nyare målsoge: På dette tunet budde Ivar Aasen i ni månader på den fyrste målferda si, og det var her han skreiv fyrste utkastet til Norsk Gramatik. ikkje rart at Meland Mållag skal reisa ei byste av Aasen. Ein framifrå måldag med andre ord!