tirsdag 6. august 2013

Liberalkonservativ stænd

Då har me vore på stænd på sumarleiren til Unge Høgre. Har verva litt, diskutert mykje, og fått høyra veldig mange gonger om at dei song bursdagssongen for Ivar Aasen i går.  Her er nokre bilete frå dagen.


Kristofer står klar med flygeblad, jakkemerke og ballongar i liberalkonservative fargar.


Leiar Paul Joakim Sandøy stilte viljug opp til stafettveksling, jamvel i passe oppstylta positur, slik det sømer seg når Nynorskstafetten kjem, jf. tallause liknande bilete tidlegare i år.


Og så tok me eit litt meir vanleg bilete. Merk stafettpinnen i kledeleg blåfarge for høvet.