lørdag 10. august 2013

Festivalkjøken med Eskil og Vebjørn

Etter at gårsdagens stændskift var vel avtent, var det tid for mat. Men då melde spørsmålet seg: Korleis laga næringsrik mat i tråd med god kosthaldsbalanse for unge folk i farta – utan korkje kjøken eller kjørler? 

Lat oss ta det kronologisk:

1. Identifiser ein ferdigrett som er laga av ingrediensar frå fleire ulike næringsgrupper. Til dømes med skinke (protein), ost (feitt), tomatsaus (fiber og vitamin) og kornbasert skorpe (karbohydrat). 

2. Leit opp ei dertil eigna varmeinnretning. Gjerne med aluminiumsbasert chassis og kolfyring.

3. Bruk sistnemnde til å varmehandsama fyrstnemnde. Og voila!

Eskil har funne ingrediensar og matlagingsutsyr.

Fyr opp varmehandsamingsinnretninga. 

Lat herlegdomen steikja til han er passe gylden på undersida.

... der, ja!

Nyt smaken, og legg særleg merke til den herlege knasinga mellom tennene. Ubetaleleg.

For dei med litt sartare ganar: Snu retten etter cirka halvgått steikjetid. Då får du eit litt annleis sluttprodukt, med noko mindre fyll, men med meir jamn varme på båe sider, og noko mindre kol på skorpa. Lukke til!