torsdag 29. august 2013

26. august, meir mål & trim i Arna

Denne måldagen tok til på atter eit kjøpesenter, denne gongen på Øyrane Torg i Arna. Som på laurdagen var det alt for fint ver til at folk let seg lokka til senteret. Øyvind Heitmann frå Arna Mållag og me fekk lell tala med dei som var innom. Og me fekk hjelp frå to flotte jenter som spela den eine folketonen etter den andre. Mykje gaum frå dei faste kafegjestene på Torget. 
På kvelden var med på idrottsbana på Espeland i Indre Arna. Fleire tusen unge og vaksne og godt vaksne sprang langt og lenger enn langt, Arnamila! Dinest kom dei, unge som gamle til bordet vårt og forsynte seg med allskjøns jakkemerke, unganekasta seg over ballongane og radt vart bana fylt av Aasen-ballongar. Der møtte me ogso Jarle Viken, ei av drivkreftene i den siste store røystinga i Arna i 1997 (resultatet vart 81 prosent nynorsk, for ein sigar,).