lørdag 6. juli 2013

Nynorskstafetten fekk sunnmøring bak rattet og vitja AUF

Gode lesar!

I dag har Nynorskstafetten vore på sumarleiren til AUF, på Gulsrud i Modum. Det har vore ein veldig hyggeleg og ikkje minst varm dag, jf. dei solbrente armane mine. På leiren trefte eg mange hyggelege sosialdemokratar, og dei aller fleste gav inntrykk av å vere glade i nynorsk. Nokre måtte høyre nye argument og få nye perspektiv for å verte overtydd, og dei høyrde høfleg på og vurderte alle moment.


Slik såg standen vår ut i dag, med både avisstativ, bord og flagg.


Her overrekk eg ein stafettpinne (raud sjølvsagt) til Eskil Pedersen. Før han gjekk for å legge pinnen i teltet sitt fekk eg fortalt han kor viktig det er for oss i NMU at vi kan vere ein informasjonsbank for dei, og at det er veldig fint for oss å dele av vår kunnskap og kompetanse om norsk språkpolitikk. Dimed kan dei fatte fornuftige vedtak. Verka som han sat pris på det.


Nynorskstafetten var plassert i lag med Natur og Ungdom og Palestinakomitèen.


Frå denne bua kunne ein kjøpe vaflar for 10 kr. Sosialdemokratiske vaflar smakar ikkje som vanlege vaflar. Om det er fordi dei har spedd i fridom, likskap og solidaritet veit eg ikkje. Gode var dei i alle fall!


På stand i dag fekk vi òg seks nye medlemer! Ein av dei var Sofie Løvland frå Haugesund. Martin Aksnes frå Nordheimsund er allereie medlem.


AUF-arane har mykje plass å boltre seg på når dei er på leir. Fingeren min ville vere med på biletet.

Det var ein super dag på Gulsrud, der eg fekk møte mange hyggelege menneske og fekk delta i fleire interessante ordskifte, sjølv om nesten alle var einige med meg. Vonar vi får høve til å kome attende neste år! Då skal eg i alle fall hugse solkrem.

Kristofer Olai Ravn Stavseng.