torsdag 25. juli 2013

Dei raude faner

Bilen tar turen til fleire sommarleirar denne sommaren. Denne veka var det Sosialistisk Ungdom sin tur til å få besøk.

Eg (Karl Peder) fekk møtt fleire som var medlem, som ville bli medlem, som blei medlem, som ikkje heilt visste om dei var medlem, og som gjerne skulle vore medlem, men som ikkje har pengar til å betala kontigent til fleire organisasjonar enn det ein allereie er medlem i.

På leiren til Sosialistisk Ungdom blei det stort oppbod, men truleg trakk Audun Lysbakken fleire ungsosialistar til seg enn det eg gjorde. Så da tok eg saka i eigne hender, trakk Lysbakken til meg. 


tirsdag 23. juli 2013

Nynorskstafetten på Malakoff

Helga 19.-21. juli var det Malakoff rocekfestival i Nordfjordeid. Dit måtte me sjølvsagt reise med nynorskstafetten. Anne tok over bilen i Oslo på fredag og stod opp kl 0415 for å kome fram i god tid. Etter å ha jobba i Norsk Målugdom vert ein noko miljøskada, og legg merke til det meste om nynorsk og dialekt, som ein finn på vegen. Mellom anna denne fine plakata på ein bensinstasjon ved Skjåk.


Med god hjelp frå Nora Martine Strand frå hEiderleg Målungdom fekk me ordna i stand stand i Eidsgata på laurdagen. På standen stod Fredrik Hope(t.v.), Jorunn Simonsen Thingnes, Kristofer Olai Ravn Stavseng og Anne Svanaug Straume. Alle frå Norsk Målungdom. Det var ein kjekk dag å stå på stand. Fint vêr og glade festivalfolk. Me fekk snakka med mange denne dagen, og me fekk verva litt. 


So kan ein jau tenkje seg det at me la fra oss målarbeidet og gjekk på festival. Men der tek du feil. Me tok med oss målarbeidet på festival. Ein kunne under fleire konsertar sjå nynorskballongar sprette opp ymse stader frå publikum. Det var stor stas, her under konserten til LidoLido.


I tillegg fekk me festa nynorskjakkemerke på styremedlem i Mållaget, Sveinung Rotevatn...


...og, det var fleire som las i flygeblada våre samstundes som dei naut musikken.


Til slutt slappa me av, kosa oss på festivalen og traff vener og kjente, og overraskande mange målungdomar. Her ser de Jorunn og Fredrik med kaffi.


På sundagen bar det heimatt for Anne og bilen. (og mange andre festivaldeltakerar, jamfør biletet av køen til ferja som de ser under) Det er veldig kjekt å få reise so mykje rundt i Noreg. Ein kan jau undre kor mange bilar som får sett så mykje av dette landet, som stafettbilen vår.









Vitjing på sumarleiren til Raud Ungdom

Me var innom sumarleiren til Raud Ungdom på Gulsrud, 17. juli. Der hadde me stand og møtte mange kjekke ungdomar. 

Sumarleiren åt Norsk Målungdom

I år var Norsk Målungdom i nynorskens kjerneområde, Aasens fødestad, mellom bakkar og berg. Me snakkar sjølvsagt om Ørsta. Ei veke fekk me nyte Sunnmøres perle. Me har laga eit blogginnlegg på sentralstyrebloggen. De kan lese meir om leiren her.

lørdag 6. juli 2013

Nynorskstafetten fekk sunnmøring bak rattet og vitja AUF

Gode lesar!

I dag har Nynorskstafetten vore på sumarleiren til AUF, på Gulsrud i Modum. Det har vore ein veldig hyggeleg og ikkje minst varm dag, jf. dei solbrente armane mine. På leiren trefte eg mange hyggelege sosialdemokratar, og dei aller fleste gav inntrykk av å vere glade i nynorsk. Nokre måtte høyre nye argument og få nye perspektiv for å verte overtydd, og dei høyrde høfleg på og vurderte alle moment.


Slik såg standen vår ut i dag, med både avisstativ, bord og flagg.


Her overrekk eg ein stafettpinne (raud sjølvsagt) til Eskil Pedersen. Før han gjekk for å legge pinnen i teltet sitt fekk eg fortalt han kor viktig det er for oss i NMU at vi kan vere ein informasjonsbank for dei, og at det er veldig fint for oss å dele av vår kunnskap og kompetanse om norsk språkpolitikk. Dimed kan dei fatte fornuftige vedtak. Verka som han sat pris på det.


Nynorskstafetten var plassert i lag med Natur og Ungdom og Palestinakomitèen.


Frå denne bua kunne ein kjøpe vaflar for 10 kr. Sosialdemokratiske vaflar smakar ikkje som vanlege vaflar. Om det er fordi dei har spedd i fridom, likskap og solidaritet veit eg ikkje. Gode var dei i alle fall!


På stand i dag fekk vi òg seks nye medlemer! Ein av dei var Sofie Løvland frå Haugesund. Martin Aksnes frå Nordheimsund er allereie medlem.


AUF-arane har mykje plass å boltre seg på når dei er på leir. Fingeren min ville vere med på biletet.

Det var ein super dag på Gulsrud, der eg fekk møte mange hyggelege menneske og fekk delta i fleire interessante ordskifte, sjølv om nesten alle var einige med meg. Vonar vi får høve til å kome attende neste år! Då skal eg i alle fall hugse solkrem.

Kristofer Olai Ravn Stavseng.