lørdag 15. juni 2013

Kulturkveld Time og Klepp

Juni er ein travel månad der alle skal ha avslutningar for seg og sitt. Me var difor spente på oppmøtet på kulturkvelden, og ikkje mindre lukkelege då det måtte berast inn ekstra bord for å få plass til alle dei godt og vel 70 som kom.

Garborgsenteret var møtestaden, og då fekk me også nyta fantastisk mat frå den gode franske kafeen som held til i bygget.

I kveld gledde me oss over tonar og song fyrst frå Torstein Obrestad og Gunnar Tønnesen, deretter frå Calle Fjogstad, Bjørg Line Furland, Kirsten Marie Bjerga og Johan Egdetveit.

Tom Hetland held tale kring spørsmålet "overlever nynorsken til 2113", ein tale forsamlinga heilt tydeleg sette stor pris på.

Ein strålande kveld, nett slik målfolk er så gode på!