fredag 7. juni 2013

Alt vel i Vindafjord

Tradisjonen tru tok dagen i Vindafjord til med skulevitjing: To åttandeklassar ved Ølen skule fekk høyra om og drøfta Aasen, skriftspråk, talespråk, målbyte og dilikt. Som vanleg stod gleda i taket då dei etter økta fekk plukka med seg jakkemerke og - ikkje minst - stafettballongar. Etter litt kaffi og ein matbite på lærarromet, gjekk turen til Vågen barnehage. Ungane song så det gauv, me tala litt om språk saman, det vart høgtlesing og god stemning. Dei tilsette i barnehagen er svært medvitne og opptekne av at ungane skal møta mykje og god nynorsk. Gode greier! Dinest drog me ned til Ølen Senter og sette opp ein fin stand utanfor kjøpesenteret. Her kunne me lokka med kaffi og kaker (og Mozell, må vita), og nye medlemer vart det! Dessutan dukka eit kjent tv-andlet opp, rettare sagt Elin Tvedt, og ho stilte sjølvsagt opp til bilete framfor stafettbilen. Takk til Vindafjord Mållag for ein gild nynorskdag, særskilt takk til Kristine Dommersnes og Olav Skigelstrand, som heldt lag med meg heile dagen.
Frå venstre: Ann Brit Klungland (Vindafjord Mållag), Elin Tvedt, Kristin Fridtun (meg) og Solgunn Liestøl (Karmsund Mållag).