lørdag 4. mai 2013

Stjørdal 3. mai - Del 1

Me starta dagen med stand i fellesarealet på Ole Vig v.g.sk. i Stjørdal, ein skule med over 1000 elevar og nærare 250 tilsette. Det ville vere lygn å seie at elevane strøymde på oss så me "knapt kunne anda", men me vart no i det minste vitja.

Neste post på programmet var møte med ei påbyggingsklasse. Eg (Terje) tykte det gjekk ganske bra. Nynorsk er sjølvsagt ikkje det faget dei elskar mest intenst, men dei var samde med oss om at dei burde ha byrja med nynorsk tidlegare. Derimot hadde dei lita tru på nynorske lærebøker i andre fag enn norsk, men det var i alle fall villige til å lytte til argumenta våre.

I ettermiddag var Janne på lufta i NRK Trøndelag med intervju om Nynorskstafetten. Det gjekk fint; intervjuet vart gjennom ført i ein god tone. No er det straks stand framfo biblioteket, opptakt til kulturkvelden.

Bileta: 1. På stand i fellesarealet. Janne i prat med ei interessert og positiv jente. 2. Møte med påbyggingsklasse.

Del 2: Kulturkveld med Linda Eide. Fullt hus og topp stemning.