onsdag 29. mai 2013

Sameting og språksenter

I dag starta dagen med audiens hjå Sametingspresident Egil Olli. Me fekk ein fin prat om språkpolitikk. Særleg var det kjekt å oppdage at kampane nynorskforeldre kjempar for nynorske parallellklasser er nett dei same som samiske foreldre kjempar for å få til samiske parallellklasser, og motargumenta er dei same.

Frå Sametinget i Karasjok og 27 varmegrader gjekk turen til Varangerbotn. Der vitja me Isak Saba-senteret. Eit av fleire samiske språksenter som arbeider lokalt med opplæring og språkstimulering for alle aldersgrupper. Jane Juuso, leiar på senteret, tok i mot oss på kort varsel og kunne fortelje om eit imponerande vell av aktivitetar. Alt frå samisk litteraturfestival, samisktrening for samiske ungar utanom skuletid, samisktrening for norskspråklege ungar, bokproduksjon, sykurs og kurs for å kunne ta att eit tapt språk.