onsdag 22. mai 2013

Harstad 21. mai

Harstad låg bada i sol (som nesten ikkje hadde gått ned eingong) då Tone og Bror starta stafett-etappen i Troms med to klassebesøk på Stangnes VGS klokka åtte og elleve. Deretter fekk stafettørane ei god omvising i den Trondenesiske kulturhistoria, før det blei lokallagsmøte med tema «I Ivar Aasens fotspor og dialekt i Nord-Noreg». Særleg vakte spørsmålet om dialekta i Nord-Noreg engasjement i møtelyden. Ein gjennomgang av nokre av dei orda Ivar Aasen fann på ferda si til Nord Noreg sumaren 1851 vakte stor ovundring. Ein del av dei blei kjende att, andre var sære og ukjende for dei som høyrde på.