mandag 15. april 2013

Skule- og barnehage på Byremo fekk Nynorskstafetten i dag.

10.klassesteget på Byremo fekk vere med på Nynorskstafetten aller fyrst i dag. Fylkesleiar i Vest-Agder Mållag, Hilde Stave, og ferdaskrivar i Mållaga på Agder, Borghild Løver, tok ein liten, rask språkhistorietime for elevane, som etterpå fekk øve seg i nynorsk med stiloppgåver og seksordsnovelle.
Høgtlesing og ein liten songleik i barnehagen på Byremo for 3-6-åringane var moro, særleg fordi Grindheim Mållag hadde med seg ei flott bokgåve som ein av ungane hjelpte til med å opne. Det var "Fant og skjora blir venner" av Solveig Eiken som dukka opp under gåvepapiret, og den måtte me sjølvsagt lese frå.
Marit Grindheim hadde laga herleg lasagne då Grindheim Mållag innbaud til lønsjmøte med ordføraren. Han kom med ei hyggeleg innrøming som høyrdest ut som musikk i mållagsøyre: Når det var hjartespråket det galdt, så var det berre nynorsken som kunne nyttast. Hilde Stave overrekte stafettpinnen til ordførar Tønnes Seland (i midten) og leiaren i Grindheim Mållag, Torje Karsten Grindheim.
4. og 5. klasse på Byremo barneskule fekk eit innblikk i gode, gamle Ivar Aasen og nokre songleikar til slutt. Og aller sist på dagen var det 6. og 7. klasse som stod for tur. Veldig moro at det her var særs språkmedvitne elevar som var stolte av dialekten sin.