tirsdag 30. april 2013

Skaun og Levanger i solskin

Denne veka er det Janne og Terje frå styret som er ute på vegen i Trøndelag. Måndag kom nynorskstafetten til Skaun og vitja Jåren Råbygd oppvekstsenter. Etter å ha køyrt oss vill eit par gongar, fann vi oss sjølve på ein langstrakt veg. Midt i ein skog og ikkje eit hus å sjå - var dette verkeleg den rette vegen? Men så opna bygda seg i solskinet. Skaun er vakkert!

Det er ikkje tilfeldig at nynorskstafetten legg ruta innom nettopp denne skulen. Skulen er førebels den einaste skulen som har nynorsk som opplæringsspråk i heile Trøndelag. Vi fekk snakke med lærarar og ein engasjert rektor, samt snakke med mange flinke elevar på 5.-7. trinn. Dei overraska oss med å syngje Nordmannen når vi kom inn i klasserommet! Ein kan bli rørt av mindre. Og maken til kunnskapsrike og ivrige elevar skal du leite lenge etter.

Tysdag sto vi på stand på Magneten Kjøpesenter, eit digert kjøpesenter like utanfor Levanger sentrum. Trønderar er trivlege folk og mange stogga for å snakke. Levanger Mållag stilte mannsterke opp og hjalp til, og etterpå spanderte dei middag på oss.

I morgon er det 1. mai, og då tek nynorskstafetten ei lita velfortent pause.