søndag 3. mars 2013

Surnadal

E satt ved elven på Vinnavolla
æn kveld da Driva av stor og stri
Og vårkveld va det og rænt færtrolla
e vart tå bøgdn slik blomsterti

Slik opnar Nordmørsminne av Hans Hyldbakk, han som er sjølve ikjøtinga av Nordmøre. Kjem du til Skei i Surnadal er det fyrste du ser Vårsøg Hotell. Ja, nettopp Vårsøg, diktet som Hyldbakk skreiv fredsvåren 1945 og som Med Henning Sommero er sangen inn i hjarte til oss alle.

Nuvel. Hyldbakk har dikta sitt siste vers, men i Surnadal finst Sverre Hatle. Hatle er "stolpin" som nordmøringane seier, den som mest av alle ber arven frå Hyldbakk vidare. Sverre Hatle ynskte meg velkomen og tok meg til ungdomsskulen klokka 8 om morgonen. Der hadde me eit møte med rektor og lærarar om korleis få elevane til å halda på nynorsk etter ungdomsskulen. Surnadal er ei nynorsbygd, men også her kjenner elevane presset frå bokmål allstad. Det vart ein fin samtale og eg er viss på at det skal gå å samarbeida med skulen framatter. Etter møtet var det føredrag i klassar på skulen. Etter dugurd tusla me nokre får meter og hadde føredrag på Surnadal vgs. Lærarane der fortalde at, jo, det er ein del målbyte frå nynorsk til bokmål, og at ja, det søker mest i byrjinga av 1. klasse.

Det slo meg, der eg preika til, men og med elevane, at dei kulturelle (og dimed språklege) ideala hjå elevane i Surnadal tangerer ideala til ungdomen i Setesdal (og Zambia!): heimemålet kjennest "umoderne", medan storspråket lyfter dei opp og fram i verda. Det er ikkje bra, slett ikkje bra, og eg prøvde å påverka dei til å sjå at dei slett ikkje treng å gå omveien via Oslo, London eller New York for å verta moderne, men at dei, mykje meir enn ungdomane på Oslo Vest og i Bærum, nettopp er fleirspråklege og fleirkulturelle - og difor uendeleg mykje meir moderne! Vonleg fekk dei noko rakare rygg og vonleg torer dei mæla klårt og tydeleg til kven det måtte vera: Nynorsk er tøft!

Etter denne tunge misjoneringa gjekk turen til Mr Nordmøre Mållag himself, Nils Ulvund, som helsa med at "sengja di e klår, Ingar". Gud veit kor mange gonger Nils har høyst meg og eg visste at på Olvund ville eg sova godt og verta budd til å føra stafetten til Sunndalsøra neste dag.