onsdag 6. mars 2013

Møte med Nord-Fron kommune

I kommunen sin språkplan heiter det at styringsmålet i Nord-Fron kommune i hovudsak skal vere nynorsk. Me i mållaget skulle sjølvsagt ønskje at det var nynorsk, berre nynorsk og ingenting anna enn nynorsk. Men elles har me lyst å skryte av kommunen sin språkplan. Og det gjorde me også i møte med dei to kommunalsjefane Tom Nøvik og Tove Haugli. Me hadde ein timelang samtale og opplevde dei to representantane for kommunen som lyttande og interesserte. Eg trur også at me fekk sådd nokre nye tankar om nynorsk for vaksne innvandrarar, der både Haugli og Nøvik var samde med oss om at bokmål her er kunstig, og at det kan skape distanse mellom innvandrarane og folket i kommunen elles? På biletet ser me frå venstre leiaren i Fron Mållag Paul Henrik Hage, kommunalsjefane Tove Haugli og Tom Nøvik og Turid Kleiva, ei eldsjel i målarbeidet gjennom fleire tiår.