mandag 11. februar 2013

Lystig i Luster

No er stafettpinnen komen til Luster i Sogn, der stafettfølgjet vart fagna av snø og skinande sol og trivelege sogningar. På føremiddagen vitja Kristin Fridtun ungdomsskulane i Gaupne og Hafslo. Der trefte ho kjekk nynorskskrivande ungdom som etter alt å døma saug til seg kunnskap om norsk målsoge og om jubilanten Ivar Aasen - endå det var tidleg måndag morgon. "Takk, Ivar Aasen!"-jakkemerka vart plent rivne unna! Samstundes møtte Oddmund L. Hoel frå Luster Mållag og Hege Lothe barnehagetilsette i Gaupne, så gjekk turen til rådmannen og kompani i Luster kommune. Litt utpå dagen samla me troppen og stod på stand på Pyramiden i Gaupne.

Den staselege stafettbilen lyser opp der han fer; på parkeringsplassen utanfor Pyramiden var det endåtil nokon som såg seg nøydde til å fotografera han. Det skjønar me godt!

Neste post på programmet er kulturkveld på Gaupne hotell, etter årsmøtet i Luster Mållag. Då blir det språkkåseri og allsong, for å nemna noko.