søndag 20. oktober 2013

Sluttfest med stil

 Bygland Mållag hadde dekka til hundre, det doble kom. Underhaldning frå vaksne og unge, helsingar frå Mållaget og Aasentunet, mat og kake, folkedans og felespel. Og alt toppa med fortenestemedalje frå kongen til Annemor Sundbø. Verdig fest for den lange dugnaden Nynorskstefetten har vore. 







lørdag 19. oktober 2013

Fyrste kakestykke!

Marit Aakre Tennø (t.h) leiar i Noregs Mållag, deler ut det fyrste kakestykke. Ingrid Fiskaa og Birgitta Lim Ersland smiler og glad målmann tek imot. 

Kakefeiring i Bygland!

Flott og god kake klar for kakefeiring i Bygland! 

Stand i Grimstad

Fredag føremiddag var det stand på Universitetet i Agder, avdeling Grimstad, og på ettermiddagen var det stand på Odden-senteret. NRK Sørlandet kom innom med ein utegåande reporter, og ho intervjua Astrid S. Sandkjær, leiar i Landvik Mållag, og Hege Lothe på direkten. 

Morgonstund i Landvik

Fredag morgon var det frukost hjå Terje og Astris S. Sandkjær, leiar i Landvik Mållag. God frukost og flotte utsikt. 

Kulturkveld på Tingvatn

Tingvatn Mållag skipa til kulturkveld der vi fekk høyre veldig flott musikk og song frå bygdene i Hægebostad. 

fredag 18. oktober 2013

Planta nynorskbjørk i Tingvatn fornminnepark

I går kveld var det ei historisk hending i Tingvatn fornminnepark. Vi fekk lov til å plante ei bjørk. Bjørka kom frå Kollemo skulekrins, så det høvde godt å plante det i nynorsk jord sentralt i Hægebostad kommune. Her er Torgeir Kvåle, leiar i Tingvatn Mållag og Hege i sving med arbeidet.